Ungdom i Rørsle

– 2. Kyrkjefag Profil nr. 6

Faglege perspektiv og utfordringar

Av Jan Ove Ulstein (red.)
Medforfatter Paul Otto Brunstad

Bokbeskrivelse
Dette er andre boka om Ungdom i rørsle.
Den første var aktørane si bok, med eigenmeldingar om eige arbeid og ulike arbeidsformer. Denne boka går meir inn på faglege perspektiv på ungdomsarbeid..

Vi har med artiklar omkring konfirmasjonen, kyrkja sitt største ungdomsarbeid, både i lengdesnitt og i lokal utforming; ungdomsarbeid i karismatiske miljø; utdanning for Youth Ministry i USA; ulike diakonale utfordringar; fellesskapstrening; musisk arbeid; fleire artiklar om ungdomskultur og ungdomsarbeid; teologi som tolkar av erfaring; perspektiv på seksualitet; risikosøking; musikksyn.

Boka vil vere
– til å bli klokare av for den interesserte lesar
– til hjelp for ungdomsarbeidaren
– til pensum i utdanning til ungdomsarbeid
– til inspirasjon for vidare fagleg arbeid
– til motseiing så innsikta kan bli djupare

Kyrkjefag Profil
er ein skriftserie frå Institutt for Religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda.