Arnfinn og Paul Otto, Velledalen, Sunnmøre 2008

Arnfinn Andreas Haram er død. Ei av dei viktigaste stemmene i vår tid har stilna. Ja, for det var berre døden som kunne klare kunststykket å få Arnfinn til å teie eller stoppe opp. Elles var han ustanseleg på farta. Ein sann dominikanar, ein OP, ein ordo preadicatorum, ein omreisande preikebror.  Brennande engasjert i kyrkjelege, teologiske og liturgiske spørsmål så vel som politiske, kulturelle og filosofiske. Arnfinn var ein samfunnsrefsar og ein stridsmann av Guds nåde. Slik levde han og slik døde han. Typisk nok i full fart på sin gamle oransje DBS sykkel med bukkestyre, og naturleg nok utan hjelm, omgitt av den naturen han elska so høgt. Det var der han kjende seg heime, det var der han henta nye krefter. Sjølv om det ikkje var fjella heime på Sunnmøre som fekk høyre det siste sukket hans, så fekk lyngen, mosen og grantrea i Nordmarka den siste æra. Han døde med dei velkjente knestrømpene og skone på, etter å ha gjort unna søndagens tidebøner og messefeiring.

Eigentleg slapp det norske folk for billeg frå det. Arnfinn var for det norske folk det Sokrates var for det atenske, ein irriterande og provoserande hesteklegg. Ein ”klegg” som med velretta og verbale stikk ville vekkje sjølvtilfredse og velfødde nordmenn til ny dåd, til omvending og til nytt liv i Gud.

Arnfinn var likevel langt meir enn ein samfunnsrefsar og provokatør. For meg var han broren eg aldri fekk. For andre, den gode venen, sjelesørgjaren, skriftefaren og mentoren, og for atter andre, presten, liturgen, songaren, diktaren, kunstnaren og bloggskrivaren.

Bak den flagrande munkekappa fanst det som gjorde at Arnfinn likevel aldri blei en kynisk og ironisk samfunnsdebattant.  Djupt der inne, bak det flagrande ytre, fanst det verkjande sårflater som aldri gav han heilt kvile og ro. Likevel, ingen stad er dei byggande og nyskapande kraftene meir til stades enn nettopp i sårflatene. Slik var det også i Arnfinn sitt liv. Det var her hans mjuke og vare kunstnarsinn hadde noko av sine djupaste kjelder. For oss andre flaut det frå desse kjeldene dei vakraste, varaste og i mest poetiske tekstar og tonar. For alt dette takkar vi Gud og gler oss over den utemma, rastlause og aldri kvilande kjærleiken han viste folk rundt seg, samstundes som han  minna oss alle at vi måtte søkja Gud og komma oss heim i tide.

Fred over Arnfinn sitt gode minne!